2000.06.02 Alf Prøysens hemmelege rom

Dag og Tid nr. 22, 2. juni 2000

Forkorta versjon av eit innlegg på  Sigrid Undset-dagene/Litteraturfestivalen i Lillehammer 20. 5. 2000. Originalforedraget er også lagt ut på nettsida, men dette konsentratet står seg godt aleine.

Last ned PDF-versjon her.

Magne Lindholm: 


Alf Prøysens hemmelege rom
Den som vil under lokket av falsk idyll som brukarane har spikra fast over Alf Prøysens verk, slik at ingen skal bli uroa av all faenskapen som ligg i teksten, bør sjå diktinga hans som idédikting, skriv Magne Lindholm.

Det er ikkje vanleg å oppfatte Prøysen som idédiktar. Den tittelen heng på poetar som tar det store utsynet frå Himmelvarden. Prøysen pusla visst berre rundt Steinrøysa neri bakken.
Men på tronge vegar stig det store tankar, som det står på gravsteinen til den mest høgstemde av alle norske poetar. Og i dikta til ‘n Alf er vegane like tronge som hos den fjerne åndsfrenden Olav Nygard. Orda kunne like gjerne stått på Alf Prøysens grav.

Den som vil under det harde lokket av falsk idyll som brukarane har spikra fast over Alf Prøysens verk, slik at ingen skal bli uroa av all faenskapen som ligg i teksten, bør sjå diktinga hans nettopp som idédikting. Det krev litt ekstra tankearbeid, for Alf Prøysen var ikkje ein mann som gjekk med meiningane sine utanpå. Dessutan er det ikkje vanleg blant intellektuelle å leite etter idear i lågstatussjangrar, for dei er for vanlege folk. Men idéinnhaldet er eit av dei viktigaste elementa i lågkulturen. Og ein av dei viktigaste grunnane til at Alf Prøysens verk er så slitesterkt, er nettopp at det bygger på eit abstrakt idéinnhald av generell karakter, som lar seg overføre til stadig nye situasjonar.

Alf Prøysen er Norges mest populære poet, samstundes som han er vanskeleg å forstå. Desse to motstridande sidene hans har same grunn: Han plasserte seg feil i det litterære feltet. Han var ein intellektuell proletar. Han var bohemen som ende som popstjerne og barnetimeonkel. Han serverte høge tankar i låge sjangrar. Dei høgkulturelle har oversett ideane hans, mens dei lågkulturelle ikkje har tradisjon for å snakke om slikt.

Mykje av det Prøysen skreiv, handla om litteratur og ideologi. Romanen Trost i Taklampa kan lesast som ei alvorleg drøfting av forfattarens oppgåve i brytinga mellom tradisjon og modernisering, det høge og det låge, makt og ideologi. Det eksisterer knapt nokon betre og meir urovekkande analyse av desse spørsmåla på norsk. Dei norske kulturinstitusjonane fekk det travelt med å omforme boka til ein folkekomedie om flørt og fyllevræl. Men den romanen fortel at Alf Prøysen plasserte seg feil i det kulturelle feltet med vilje.

Sjanger og ideologi

I 1948 kom Prøysens første visebok. Ho heitte Drengestu’vise og selde i 135.000 eksemplar. Her står klassikarar som “Steinrøysa neri bakken” og “Husmannspolka”. Men heilt til slutt står det noko heilt anna. Der står visa “De rette trinn”:

Det er så vemodig mange viser
om sorg og elskov og hjertesår,
om to som drep seg i siste verset,
med kniv og bøljer og utslått hår.
Dom er så reine, dom gjør så riktig,
dom tek bestandig dei rette trinn,
men rundt om visa går alle andre,
som itte veit åkken ut hell inn.
Det er så vemodig mange viser,
og je har laga ei vise tel.

“De rette trinn” er noko så sjeldan som ei ideologikritisk vise. Ho er eit programskrift som polemiserer mot idéinnhaldet i skillingsviser som “Alptoppens ros” og “Ved Idas grav”. Det var dristig gjort. Skillingsvisene var ikkje berre kjernen i Prøysens eigen litterære bakgrunn. Skillingsvisene var den gylne brua som førde han inn i hjarta til eit massepublikum. Braut han den, mista han levebrødet.

Men korleis skal ein poet formidle eit ideologikritisk innhald gjennom ein skillingsvisesjanger som er full av den ideologien poeten er kritisk til?
Det skulle bli vanskeleg. Ein litterær sjanger er ikkje eit formelt skal som kan fyllast med kva det skal vere. Ein sjanger er ein sosial storleik, eit sett av ideologiske og formelle forventningar som er etablerte hos publikum. Når ein tekst fell inn i ein sjanger, tyder det at han er lojal mot desse forventningane. Slik kan teksten trekke vekslar på dei assosiasjonane som ligg klare i hovudet til publikum. Men dette verkar båe vegar: Sjangerforventningane blir sterkare enn diktverket, slik at publikum skaper det om til det passar i sjangerkonvensjonane. Dette har ramma Alf Prøysen hardare enn nokon annan norsk diktar. Den ukurante griskokken og sylskarpe ironikaren er omskapt til ein litterær kosegris, som blir slakta på ny kvar jul. Det er popularitetens pris.

Etter at han døydde i 1970, har Prøysen blitt utsett for ei anna form for omfunksjonering. Dei ungane som høyrde han i barnetimen, voks opp, og nokre år var dei glødande radikale. Denne generasjonen har forsøkt å omtolke barnetimeonkelen til ein kjempande sosialist. Utgangspunktet var det beste: Prøysen skildrar eit nådelaust klassesamfunn, og han hyllar likskapsidealet med nesten fanatisk konsekvens.

Men jakta på den opprørske Prøysen fører ikkje til noko. I tekstane dukkar ordet syforeining opp mykje oftare enn ordet fagforeining. Sjølv om han var ein lyseraud sosialist, er verket hans bygd på heilt andre tradisjonar enn marxistisk materialisme. Dei grunnleggande ideane i Prøysens verk er religiøse.
Det tyder ikkje at han knyter seg til bekjennande sekter og trusretningar. I staden dukkar det opp faste tankeelement i alt han skreiv. Desse elementa er av grunnleggande religiøs karakter.

Det protestantiske likskapsidealet

Likskapsidealet til Prøysen kan formulerast med eit gammalt ord: Vi er alle like for Vårherre.
Ein slik likskap står sjølvsagt over all jordisk ulikskap som skuldast kultur eller rikdom. Det er ein protestantisk tanke, som heng saman med det personlege gudstilhøvet. Alle protestantar blir sin eigen prest, og likskapsidealet blir eit revolusjonerande prinsipp. Einskildindividet har ei guddommeleg fullmakt til å sette sitt eige verd opp mot fellesskapets rangordning. Alle jordiske hierarki fell i grus i høve til dette.

Hos Prøysen blir den guddommelege fullmakta stadfesta gjennom ei djupt personleg naturoppleving: eit menneske i ein vanskeleg situasjon høyrer suset over furukrona, eller ser håpet i blåna. Alle kjenner dette frå “Du ska få en dag i mårå”, som er ein religiøs traktat.

Denne religiøse bodskapen er nesten aldri formulert med reine ord. Orda hører til i ein annan sfære: Blant menneska. Det er her problema oppstår. Men det er her ein må leve livet.
Den individuelle opplevinga av eige verd gjennom ei strengt personleg religiøs openberring, er kanskje den ideologiske enkeltfaktoren som fører Prøysen lengst bort frå sosialismens kollektive tankegang. Han fører ikkje til ein utopi om sosialt fellesskap eller materiell likskap. Det er “tomhet og jag etter vind”. Velstand er til å tulle med, som i visa om Kringlevrider Bollesen.

Prøysens likskapsideal er så individorientert at han slår hardt ned på alle kollektive forsøk på å underlegge seg religionen. Open religiøs forkynning blir skildra med ironi eller spott. (“Kjerringkjeft”, “Det lyser i Skjebergsmia”, “Visen om min sorte paraply”, “Frida Tusenfryd”).

Den sirkulære vitalismen

Når dei religiøse grunnopplevingane skjer gjennom naturen, blandar Prøysen folkeleg religiøsitet med ei fruktbarheitsdyrking i slekt med ein panteisme som store delar av venstrefløya sverma for rundt førre hundreårsskifte. Resultatet er ein form for sirkulær vitalisme, som dukkar opp overalt i forfattarskapen. Ofte blir desse visene oppfatta som dei vakraste. (“Blåklokkevikua”.)

Det sentrale elementet er ideen om livets sirkel. Det fysiske kjærleiksmøtet er den kritiske augneblinken som held sirkelen i gang. Her går døden og det nye livet opp i ei høgare eining. Rundt kjærleiksmøtet snurrar dansen som ei fortetta, rituell utgåve av livssirkelen. I midtsommardansen blir årets syklus knytt til menneskas livssyklus, i ei metafysisk foreining. Når Prøysen alltid vender tilbake til dansen på sletta, er det noko meir enn barndomsminne. Sletta er den magiske arenaen der livets spel når eit absolutt klimaks. Her må ein vera med, sjølv om det kan koste dyrt.
Det sterkaste uttrykket for den sirkulære vitalismen er “Slipsteinsvæilsen”. I dette mesterverket koplar Prøysen det vakre til det grusomme med ubønnhørleg konsekvens:

Slipsteinsvæilsen går og går.
Å, blommer i enga, je veit å de får!
Når ljåen blir kvass nok og brynet blir med.
Så kjæm dom i mårå og meie dekk ned,
så tona som du høre i kvellsro og fred...
...det er slipsteinsveilsen som går ... og går... og går.

Det er verd å merke seg at Prøysen ikkje forsøkte å innføre betre folkeskikk under paringsleiken. Han forsvarer både tjuvtriks og taktisk løgn. Det opnar for ei samling av absurde, groteske og underfundige situasjonar, der han får høve til å spele alle språkspela han meistra. Språket er også eit spel, der liv og død, maktbruk og kjærleikslengt barkar i hop.

Det skjerma fellesskapet

Dersom livet er fylt av slåssing og lite tillitsfulle samleie i granskauen, med furusus til trøyst, blir det eit lite innbydande alternativ.
Heldigvis finst det også eit djupare fellesskap hos Prøysen. Men det er ein skjør plante. Det kan berre leve i ein hemmeleg, beskytta krins, ofte som eit kort blaff. Det blir etablert gjennom indirekte kodar, når den harde, beskyttande fasaden mot Dei Andre sprekk opp ein farleg og livgjevande augneblink. Desse kodane består av bagatellar, slik at signala ikkje skal fangast opp av uvedkommande.:

Forresten så driv du bære med tull
sa jinta og bøygde nakken.
Hår enaste lordag drekk du deg full
Hu sopte ein maur tå stakken.

Når dei deler ein draum, kan to menneske dele eit fellesskap over tid. Men når draumen blir sanning, døyr det. Slik er enden på lykka i “Det lyser i Skjebergsmia”, ein sentral og svært kryptisk Prøysentekst. Mest stabilt er fellesskapet i familien, i kjærleiken mellom mor og barn, eller mellom barn og dyr. Det må alltid skjermast mot storsamfunnet, sladderen og den sosiale rangordninga.
Alf Prøysen dyrka Epikurs gamle devise om å leve hemmeleg:

Lille måltrost, lille måltrost
hvorfor er du så glad?
Jo, fordi jeg har rede som ingen vet av.
Langt inni skauen den grønne.

Men i samme visa skriv han at det er mogleg å sende signal ut frå dei hemmelege cellene:

Ja, i kveld skal vi synge ein vise om deg
langt inni skauen den grønne.

Legg merke til at denne kommunikasjonen går for seg mellom to individ, og når songen kjem, er det på ein hemmeleg stad. Til og med bodskapen er skjult på botnen av sjangerstigen: Prøysen formulerte ein av dei sentrale ideane sine i ei barnevise.

I “Julekveldsvisa” går han eit steg lenger. Her blir det hemmelege fellesskapet knytt til ein offentleg anerkjend, religiøs motivkrins.
Alle som trur dei har forstått “Julekveldsvisa”, bør lese juleevangeliet på nytt, både hos Lukas og Matteus. Dei vil sjå at Prøysen har redigert historia hardt og konsekvent. Alle englane frå det himmelske byråkratiet er hivne ut. Vår Herre søv i mørkret. Josef er far god som nokon, for Prøysen hadde sett for mykje av livet til å tru på jomfrufødselen. Han òg står i stallen og ler. Fødselen er mirakel godt nok.

Det som står att i visa, er biletet av to fattige familiar. Den eine i ein stall i Betlehem, den andre i ei lita norsk stue. Dei står som spegelbilete av kvarandre, med eit felles brytingspunkt i julestjerna. Ho heng, ikkje tilfeldig, over stua til Jordmor-Matja. Forløys-aren. Navnet Matja har ein spesiell klang i Prøysens diktarunivers. Namnet tok han frå bestemora, som var legdekjerring. Ho dukkar opp overalt i verket, som ein jordisk engel.
Nærmare ei heilaggjering av ein fattig norsk husmannsfamilie er det vanskeleg å kome. Familien er verken sosialt symbol eller sonoffer. Han er heilag fordi han rommar eit tillitsfullt fellesskap. Det skjer i årets mørkaste natt, når livskreftene er trua av mørkemakter på alle kantar.

Den heilage stilla
 
Den tradisjonsdyrkande språkkunstnaren Alf Prøysen har eit viktig fellestrekk med modernistane: Han er skeptisk til språket. Denne skepsisen gjeld ikkje på livets danseplass. Der er Prøysen ein språkdyrkar av rang, som utforskar språkspelet som ein virtuos. Men når diktaren skal nærme seg det inste, heilage elementet i teksten, blir han taus.

Denne togna ligg som ein rad med meiningsberande hol i Alf Prøysens tekstar. Vi finn dei i Trost i taklampa, i skildringa av Arne Barnehjemmet som sit i vegkanten. Klårare omriss har holet i “Fløttardag”, visa om dagen Bjarne Bogrudbakka reiste heimanfrå:

Men ein ting har dom æiller nevnt, det sitt’n og er gla for,
det rare som hæin veit ska skje og itte tør gi navn,
men som ei trøst tel tia kjem så har’n med i kista
en bæljesprøkkin torader tel hjælp mot sorg og savn.

Det er denne dyrkinga av det tause og det unemnelege Ane Hoel kallar usynleggjering i sine studiar av Trost i Taklampa. Denne usynleggjeringa er eit sentralt litterært verkemiddel hos Alf Prøysen. Men det er også noko meir. Den språklege og sosiale gøymeleiken minner om det aller mest heilage i jødanes tempel. Dit inn måtte ingen gå.

Men korleis skal ein seie det som ikkje kan seiast i viser? Viser og song høyrer til livets dans, sjølv for visesongaren som datt av i svingen og sit i grøfta med gitar i fang.
Løysinga ligg i rytmen. Di meir rytmisk og strukturert teksten er, di meir liknar han på ei ramme med opne parti. Dei må lyttaren fylle ut sjølv.

Prøysen dyrka regla og det rytmiske. Det er i dei strammaste, mest folkeviseaktige tekstane hans vi finn dei største, kvite flatene. Eksempel på dette er “Lille måltrost”, “Å den som hadde seg ei lita jinte”, og “Steinrøysa neri bakken”. Den siste visa er som ein sveitserost: Nesten ikkje noko av det som blir nemnt i visa, har betydning. Alt det viktige ligg utanfor teksten.

Den symbolske orden

Her kjem vi attende til utgangspunktet: Når Prøysen sette seg på feil plass i det kulturelle feltet, var det ein protest mot den symbolske orden.
Den symbolske orden finst i alle samfunn. Han er eit sett førestellingar om korleis ting er og bør vere. Han er ein integrert del av samfunnets maktstruktur.

Det interessante for oss er at likskapsidealet til Prøysen ikkje kan kombinerast med den symbolske orden. Han utfordra han på fleire plan: I valet av forfattarrolle, i sjangerval, i open og skjult ideologi. Han vart ikkje buskisartist og ikkje heimstaddiktar. Når han skreiv om heimstaden, var det for å ha eit miljø å prøve ut ideane sine i, ikkje for å hylle skigardar og gamle hus. Prøysenstua selde han vidare så fort han hadde utløyst eigedomen.
Viss ikkje radiorevolusjonen hadde kome og snudd opp ned på kulturdistribusjonen, hadde det neppe gått bra.

Alt gjekk ikkje bra. Han fekk ideologisk kjeft så det suste da Trost i Taklampa kom ut. Det merka han trass i rekordsal. På femtitalet vart han meir og meir nervøs, drakk og gjekk på piller. Han slutta å opptre utanfor NRK. Etter kvart livnærte han seg av barnetimar og stubbar i Arbeiderbladet.

Dette var eit tilbaketog i høve til den ambisiøse femårsplanen frå krigens dagar. Men anna er ikkje å vente for ein som utfordrar den symbolske orden. Likevel skjedde det underlege at Alf Prøysens verk ikkje forfall under tilbaketoget, slik det har skjedd hos så mange andre forfattarar som har tilpassa seg. Dei generelle, religiøse ideane som fekk han til å utfordre den symbolske orden, overlevde tilpassinga.

Likevel er både verket og bruken av verket prega av ei grunnleggande splitting. Prøysen klarte ikkje å endre nokon symbolsk orden. Det skal godt gjerast, for det ville rokka samfunnet i grunnvollane. Særleg viktig er det å forsvare det beståande gjennom lågkulturen, for her skal undersåttane haldast på plass. Difor har mottakinga av Prøysens verk alltid vore prega av forsøk på å redde den symbolske orden frå undergravande kulturelle kombinasjonar. Det umoglege blir innordna i det kjende, ironien blir redusert til latter og dei fortvilte ropa blir glatta over med blomar og lokalpatriotisme. Men for dei som er blinde og blå, og har øyre for den hemmelege tonen under overflata, vil Alf Prøysens viser alltid vere ei kjelde til uro.
 

Tekstene er lagt ut til personlig bruk, og kan ikke mangfoldiggjøres uten tillatelse. Alle rettigheter tilhører forfatteren.